Ord til ettertanke 3.søndag i openberringstida


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 3.søndag i  openberringstida.

 

Tekst: Joh 1,15-18

«Barnerett og faderfang»

Dei fyrste atten versa i Johannesevangeliet, som vi kallar Johannesprologen, er ei openberring av løyndomar. Spørsmålet er, som i resten av evangeliet: Kven er Jesus? Svara kjem i form av poesi og ord som lys, liv og einbåren Son.

Det beste svaret vi kan komme med når vi møter desse atten første versa i Johannesevangeliet er undring og tilbeding. Det er ei undring som liknar det vi kjenner når vi grunnar over løyndomane i kosmos, uendeleg i tid og rom, eller når vi høyrer om det mikrokosmos vi har inne i oss. Vitenskapen utvider stadig grensene for kva vi kan vite, for eksempel om korleis liv blir til. I Johannesprologen møter vi den openberringa at livet finst i Kristus. Utan Han er ikkje noko blitt til av alt det som er til. Jesus Kristus er ikkje berre født som menneske ei julenatt for to tusen år sidan, men han er eldre enn universet. Tanken møter på hindringar. Men det er ein slik Gud vi trur på.

Denne Guds Son som er Ordet frå alle æver, openberrar når han kjem til oss  Guds nåde og Guds sanning. Det er nettopp dette som skjer kvar gong vi blir møtt av Gud. Sanning utan nåde er fortviling. Vi går under i krav som vi ikkje kan innfri. Nåde utan sanning er også fortviling. Vi kjem ikkje vidare. Vi blir ikkje utfordra og møter ikkje Guds forventning om at vi skal bli heile menneske.

Vi lærer av Jesus kven Gud er. Som den einbårne Sonen er han den som viser oss Far, for han er i Fars famn. Gud er ikkje berre ein konge på si trone, med Sonen sittande ved si høgre hand. Gud er ei famn. Ei famn er ein stad der det går an å kvile, falle til ro og kjenne seg trygg. Ei slik famn vil Gud vere også for oss. Når Kristus finn oss deler han barnekår og faderfang med oss.

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake