Ord til ettertanke Kristi kongedag


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til Kristi kongedag.

 

Tekst: Matt 25,1-13

«Lampeolje»

Cornelis Vreeswijk sang så treffande «Du kan ingenting ta med dig när du går».

Men er det no så heilt sikkert? I 1.Korinterbrev 13 skriv Paulus om alt som skal bli borte, alt vi ikkje kan ta med oss, men så nemner han tre ting som skal bli ståande, tre ting vi kan ta med oss. Og kanskje det er dette som er lampeoljen? Kanskje det er dette vi kan møte brudgommen med? «Så blir dei verande desse tre: Tru, von og kjærleik.»

Tru er trua på Han som skal komme. Det gjeld å la Han knytte forbindelsen til oss medan vi er her, så vi har olje på lampen når vi møter han der.  Forbindelsestrådane er skjøre som spindelvev, men likevel så sterke. Frå vår side er tråden skrøpeleg og kan briste når som helst. Men frå Hans, frå brudgommen si side er den sterk som stål. Styrken i den relasjonen han tilbyr oss spring ut av korset, der han kom oss heilt nær og delte alle ting med oss.

Håpet er det andre som vi får lov til å ta vare på. Håpet tar aldri slutt, men det får si oppfylling ein dag. Håp er noko vi har bruk for her. Det er noko vi treng i mørket medan vi ventar på brudgommen. Håpet er noko vi kan varme oss ved. Når vi er inne i lyset, inne på bryllupsfesten, er det ikkje lenger bruk for håp. Då er alt oppfylling. Vi treng noko som tøyer seg framover, og som ser at framtida er i Guds hand. Vi treng håp for jorda vi bor på. Og vi treng håpet om at brudgommen skal komme.

Kjærleiken er det materiale æva består av. Og kjærleiken er Guds vilje for oss medan vi lever her. Dersom brudgommen finn oss engasjert i kjærleikens gjerningar når han kjem, då har vi olje på lampene våre.

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake