Ord til ettertanke 6.søndag i treeiningstida


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 6.søndag i treeiningstida.

 

Tekst: Matt 16,13-20

«Jesus Messias»

Jesus bar mange titlar og namn, og kvar av dei hjelper oss å sjå kven han er.

Den aller mest brukte tittelen var sjølve namnet hans: Jesus. Det var Josef som i ein draum hadde fått beskjed om å gi han dette namnet, som tyder «Herren frelser». Engelen som hadde synt seg for Josef ga denne grunnen til namnevalget: «Han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» (Matt 1,21) Nettopp dette var det Jesus gjorde i sitt jordiske virke. Han møtte folket med tilgjeving og kall til omvending. Jesu ord lydde: «Så dømer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir.» (Joh 8,11) Jesu frelse frå synd handlar for det første om soning og tilgjeving for syndene, og for det andre om at han arbeider med å sette oss fri frå den makta synda har i livet vårt. Johannes døyparen kalte Jesus «Guds lam»: «Sjå Guds lam, som ber bort synda i verda!» (Joh 1,29)

I samme avsnitt som englebodskapen til Josef, siterer Matteusevangeliet        Jes 7,4 om den unge jenta som skulle få ein son og kalla han Immanuel. Immanuel tyder «Gud med oss». I Jesus Kristus er Gud sjølv komen som menneske. Gud ville vere hjå oss. Derfor kom han. Som Jesus kom i kjøt og blod for to tusen år sidan, gir han seg no i brød og vin kvar gong vi tek imot nattverdsgåvene. Og han som kom til menneska den gongen, kjem til oss og bur hjå oss ved Den heilage ande i dag. Gud vil vere nær.

I vår tekst vedkjenner Peter seg Jesus som Messias. Israel levde i forventning om ein god og mektig konge som skulle gjenopprette Israel som sjølvstendig nasjon og skape gode kår, fred og framgang for folket. Alle gode lovnader som Gud hadde gitt israelsfolket opp gjennom historia vart samla i ei forventning om ein slik konge. Peter ser no oppfyllinga av lovnadane i Jesus. Vi kan og la våre forventningar samle seg i brennpunktet Jesus Kristus.

«For alle Guds lovnader har fått sitt ja i han. Derfor seier vi og ved han vårt amen, Gud til ære.» (2 Kor,1,20)

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake