Ellingsøy kyrkjelyd er med i Global Solidaritetsaksjon for søsterkyrkjer og partnere som er særleg ramma av pandemien.
Koronapandemien har ramma kvart einaste hjørne av verda og det går ut over dei veldig mange land med svakare økonomi enn vi har i Norge.
Den Norske Kyrkje ønsker å gjere noko med dette. Vi er derfor invitert til å delta i ei ekstraordinær innsamlingsaksjon til søsterkyrkjer og partnare som er særleg ramma av pandemien. Initiativet til denne aksjonen kjem frå ulike bispedømme i Noreg, i samarbeid med dei sju organisasjonane som er med i SMM –
Samarbeid menighet og misjon: kirken.no/SMM
Og i dette året også vil Møre biskop og bispedømmeråd utfordre kyrkjelydane i Møre til solidaritet ved å støtte dei misjonspartnarar dei allereie har.
Ellingsøy kyrkjelyd har misjonsavtale med NMS/ Midtøsten og vil støtte dette arbeidet spesielt no.
Du kan bidra med ei gåve på vipps eller bankkonto:
Vippsnummer 106247 merk: «Misjonsprosjekt»
Kontonr. 3900 33 31923 merk: «Misjonsprosjekt»
Saman som kyrkje i heile verda
Møre bispedømme – misjonssolidaritet under korona-pandemien