Vigsel i Ellingsøy kyrkjelyd

Bryllaup er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og vonde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løftene vert gjeven med vitne til stades.

Dei kan sei ja til kvarandre med berre prest og forlovarar til stades. Stort eller lite bryllaup – i kyrkja vert livet lagt fram for Gud med bøn om velsigning. I Den norske kyrkja kan ekteskap berre verte inngått mellom ei kvinne og ein mann. Alle par som har gifta seg borgarleg er velkomne til kyrkja for å be om forbøn for samlivet.

Eit bryllaup i kyrkja kan vere enkelt eller påkosta. Brudefolka kan vere unge eller godt vaksne. Dei kan feire dagen med familie, slekt og venner.

Tekst frå kirken.no